Ørskog kyrkjelyd > Vis


ZOOM – gudsteneste søndag 10/1


Komande søndag vert det messefall. MEN vi skal møtast til gudsteneste på nett. Prest Jan inviterer til ei enkel gudsteneste på ZOOM. Gudstenesta startar til vanleg tid kl 11.00 på søndag og varer i maks ein halv time. Her vert det ein refleksjon over søndagens tekst, bøn og kanskje også ein sang.

Vi kan ikkje møtast fysisk til gudsteneste på Gomerhuset eller kyrkja slik som annonsert.
Saman kan vi møtast i det «virtuelle» kyrkjerommet, og om du ynskjer det kan du delta med respons og tankar rundt teksten, vere med i bøn, eller berre vere tilstade og lytte. Gudstenesta startar til vanleg tid kl 11.00 på søndag og varer i maks ein halv time.  

Du kjem deg inn i gudstenesta på denne linken: https://us05web.zoom.us/j/81738264327?pwd=NHppNHhrQ1hQWnk0Qy9LYUhSdHU3UT09

Trykk på linken og følg anvisninga. Om du ikkje har ZOOM, kan du laste det ned i menyen som dukkar opp på skjermen. Om du vil kan du slå på kameraknappen nede til venstre og synas, eller du kan vere «usynleg» tilstade.

Denne måten å møtast på har vi ikkje gjort i gudstenestesamanheng, og det vert spennande å sjå kor mange som vil vere med, og delta. Koble deg gjerne på i litt god tid for å sjå at alt funger.

Du er velkomen til gudsteneste, der heime.
 

Tilbake