Ørskog kyrkjelyd > Vis


Årsrapport 2025 Ørskog sokn - Årsmelding og årsrekneskap


Årsrapporten for 2025 er no klar. Her kan du lese om alt det gode og mangfaldige arbeidet som har vore gjort i kyrkjelyden det siste året.

 

Årsrapporten for 2025 gir eit samla bilete av aktivitet, fellesskap og utvikling i kyrkjelyden gjennom året som gjekk. Her finn du glimt frå gudstenesteliv, trusopplæring, diakoni, kulturarbeid og frivillig innsats – og eit innblikk i korleis kyrkja har vore ein møteplass for menneske i ulike livsfasar.

Rapporten finn du her og vi håpar mange tek seg tid til å lese den: Årsrapport 2025 - Ørskog sokn

Årsrapporten vil også vere bakteppet for det årlege soknemøtet (årsmøtet i soknet), som er sett til 04.06. 2026. Vi samlast på Kyrkjetorget til årsmøte og sommarfest for kyrkjelyden frå kl.18.00. 

Vel møtt!

Tilbake