Ørskog kyrkjelyd > Vis


Julefred - med Ørskog Brass og Skodje Blandakor


Ørskog Brass held fram den gode tradisjonen og inviterer til den årlege julekonserten Julefred i Ørskog kyrkje. Med seg har dei Skodje Blandakor – og saman skapar dei ei førjulsstund fylt av varme, fellesskap og vakker musikk - i Ørskog kyrkje, søndag 21.desember kl. 17.00. 

I år som i fjor – og i mange år før det – ønskjer Ørskog Brass velkommen til julekonserten Julefred i Ørskog kyrkje. Under leiing av dirigent René Wiik byr brassbandet på ei stemningsfull musikalsk oppleving der julefreden får rom til å senke seg.

Gleda er ekstra stor over at Skodje Blandakor deltek på konserten, leia av dirigent Jon Gorrie. Med brassklangar og korstemmer side om side får publikum ei brei og varm musikalsk oppleving som knyter saman tradisjon og fellesskap.

Konserten har også ei vakker og viktig side: Overskotet går til Pårørendeforeininga ved Ørskog Omsorgssenter og Foreininga for Steinholt Busenter. Slik kan alle som kjem og lyttar, bidra til å gjere kvardagen betre for menneske i nærområdet.

Ta med deg familie, vener og kjende – og kom i julestemning saman med oss.
❤️ Søndag 21. desember kl. 17.00 i Ørskog kyrkje

Tilbake