Velkommen til fellesskapskveld på Kyrkjetorget torsdag 27. januar kl. 19; Informasjon, inspirasjon og samtale om misjon i Etiopia og England, ved May Lisbeth Hovlid Aurdal frå NMS. Har vi meir enn nok utfordringar eller har vi noko vi kan dele?
May Lisbeth Hovlid Aurdal frå Stranda, bor i Sykkylven er oppteken av korleis vi som lokalkyrkjelydar kan vere ein del av den verdsvide kyrkje. Ved kvar gudsteneste når vi døyper borna våre høyrer vi:
«Dette er Live, døypt inn i vår kyrkjelyd og Kristi verdsvide kyrkje»
Kva betyr det ? Korleis kan vi være kyrkje her vi er, og samtidig del av den verdensvide? Korleis kan vi som kyrkje i vår bygd, være med å bety noko for andre verdsvidt? Kva kan vi lære av andre ?
Både som leiar i Sykkylven sokneråd og tilsett i NMS nasjonalt er dette eit spørsmål som dagleg er aktuelt i kyrkja vår, seier May Lisbeth. Kan vi være kyrkje her vi er, utan å bry oss om andre enn dei næraste?
Ørskog kyrkjelyd har i mange år vore engasjert utanom eigen kyrkjelyd. Gjennom misjonsprosjekt i NMS i både England og Etiopia er kyrkjelyden i ord og handling med i den verdsvide kyrkje.
I Etiopia er Ørskog med i kampen mot omskjæring, kjønnslemlestelse og kvinneundertrykking. Men også bibelomsetjing og undervisning. Etiopia, - då tenkjer ein gjerne behov og nød, så det kan være forståeleg, men kvifor i all verda skal ein støtte misjon i England? Om du spør, så kom og få nokre av svara gjennom ord, bilder og samtale.
Det blir servert kveldsmat og det blir tid til å prat rundt borda. Vel møtt!
Arrangør: Ørskog sokneråd