KYRKJEBASAREN i Ørskog


Ingunn Tenfjord og Dagfrid Kjeldstadli minner om den årlege kyrkjebasaren som nærmar seg. Siste laurdagen i oktober er blitt ein tradisjon for kyrkjebasaren på Kyrkjetorget. I år er denne laurdagen den 30. oktober.  

 

Flotte gevinstar  både for små og store har begynt å kome inn. Basarkomiteen er djupt takksame for all støtte og velvilje, og for alle gode bidrag til basaren både frå lag og organisasjonar, næringsliv og einskildpersonar. Det er framleis mulig å gje inn gevinstar til lynlodd eller  tombola. På loddboka er det mulig å vinne dokke med heimestrikka garderobe. Loddseljarane er i gang med loddsal  rundt i bygda og vil etter kvart også sitje på butikkane. Vi vonar alle blir godt tatt imot og at mange vil støtte arbeidet med loddkjøp. Kyrkjebasaren er ei viktig inntektskjelde for kyrkja sitt arbeid blant barn og unge i bygda.

 

På basardagen blir det kafe og programinnslag på Kyrkjetorget. Programmet startar kl 14. SFO-koret deltek og andakt er ved Åsrun Eli Håvik.I fjor vart basaren avlyst, men tradisjonen med kyrkjebasar blir tatt opp igjen i år.

Velkommen til basar.

 

Basarkomiteen

 

Fotoet er frå ein tidligare basar.

Tilbake