Avskjedsgudsteneste med kyrkjekaffi


Søndag 22. august kl. 11 vert det avskjed med sokneprest Øystein Braaten i Ørskog kyrkje, den siste gudstenesta han har som sokneprest. Han fylte 65 år i sommar, og ga for lenge sidan beskjed om "pensjonistavgangen" . Alle er hjarteleg velkomne!

 

Øystein sjølv er liturg og med seg på laget har han kollegaene: Kantor Arne B. Varmedal, kyrkjetenar Zlatan Miskovic, kateket Olav Rønneberg og diakon Asbjørg Oksavik Sve. I tillegg vert Mons-Olav Walgermo klokkar, Kristian Fjørtoft kyrkjevert og soknerådsleiar Else Karin Lied med helsing frå soknerådet. Etter gudstenesta vert det samling på Kyrkjetorget med gryterett og kaffi, med høve til å takke Øystein for laget denne tida han har vore sokneprest her.

Tekst og foto: AOS

Tilbake